Opprettet: Kl. 13:46:06
30.01.08
Om 100 år er allting gløymt - men ikkje
dialektane
Margit Ims (til venstre) og Signe
Laake i full sving med å intervjue Gunn Iren
Josdal. Fire informantar, i ulike aldersgrupper,
blir intervjua på kvar av stadene det blir
føretatt dialektprøvar.Foto: Oddvar
Tjomlid
|
|
|
|
Om 100 år er allting gløymt, blir det sagt. Men
det gjeld ikkje for dialektane. Sjølv Sirdalsdialekten
er nå foreviga for alltid. Nyleg var to personar frå
Universitetet i Oslo i Dalstroka Innafor for å sikre seg
dialektprøvar. I Sidal skulle fire utvalde personar, av
ulike årsmodellar, presentere si språkdrakt. Med eller
utan skarre-r. av Oddvar
Tjomlid
-Talemålsmaterialet me samlar inn, skal brukast til
å lage eit spennande forskningsverktøy der
språkforskarar i Noreg, Norden og verda for øvrig, kan
forske på dialektar i ein database som me skal byggje
opp. Databasen blir tilgjengeleg via Internett, der ein
også kan finne lyd og bilete av orda ein søkjer på,
opplyser Kristin Hagen ved Tekstlaboratoriet ved
Universitetet i Oslo.
Då me møtte
dialektprøve-takarane, var dei ivrig opptatt med å lytte
til Sirdalsjenta Gunn Iren Josdal. Formannskapssalen var
tatt i bruk til formålet, der både lyd og bilete blei
tatt opp.
-Me har fått hjelp av Sirdalsferie til
å plukke ut fire informantar i Sirdal. Tidlegare i dag
har me vore lenger oppe i dalen for å ta opptak av nokre
eldre personar, fortel Signe Laake, som saman med Margit
Ims skal sikre dialektprøvane i Agder. Laake er
fulltidstilsett som vitskapleg assistent, medan Ims er
engasjert i ein mindre stillingsprosent. Ho gjennomfører
studier ved sida av deltidsstillinga i
dialektprosjektet. I Agder skal det sikrast
dialektprøvar frå Vennesla, Evje, Åseral, Valle,
Lyngdal, Sirdal, Vegårshei, Landvik og
Kristiansand.
Heile
norden
Forskergrupper frå i alt ni nordiske
universitet samarbeidar om prosjektet “Nordisk
dialektsyntaks" der talemålsmateriale blir samla inn frå
målepunkt jamnt fordelt over heile det nordiske
språkområdet, frå finlandssvensk i aust til islandsk i
vest, frå jysk i sør til nordnorsk i nord. I Noreg skal
50 målepunkt og 200 informantar besøkjast. Ni av desse
stadene ligg i Vest-Agder.
-Me har ansvaret for
intervjua i Sør-Noreg. Når me kjem attende til Oslo
gjennomgår me materialet før det blir samla i databasen.
Dette arbeidet kan vere med på å lage nye
dialektgrenser, meiner Signe
Laake.
|