Sluttseminar for LIA-prosjektet

Sluttseminaret for LIA-prosjektet blir arrangert i forkant av MONS i Trondheim, 26. og 27. november på MONS-hotellet Radisson Blu Royal Garden Hotel. Vi startar om morgonen den 26. og avsluttar til lunsj den 27. november.

Sjå førebels program

Alle er hjarteleg velkomne til seminaret. Seminaret er gratis, men ønsker du pauseservering, lunsj, seminarmiddag eller overnatting, må du melde deg på og betale. Det er tre alternativ:

Alternativ 1: LIA-seminar med pauseservering og lunsj i to dagar: 1300 kroner
Alternativ 2: LIA-seminar med pauseservering og lunsj i to dagar pluss LIA-middag 26. oktober: 1915 kroner
Alternativ 3: LIA-seminar med pauseservering og lunsj i to dagar pluss LIA-middag 26. oktober. Overnatting to netter frå 25. november til 27. november: 4225 kroner.

Du melder deg på seminaret via denne lenka. (Registrer deg på første side, betalingsalternativa kjem på side to. Ved alternativ 3 får du også hotellrom og treng ikkje å ta kontakt med hotellet sjølv.)

Føredragshaldarar får utgiftene til seminaret dekte av prosjektet og melder seg på seminaret på annan måte.

Påmeldingsfrist: 15. oktober.

LIA-prosjektet arrangerer også ei kort lansering av dei tre korpusa på MONS-hotellet om ettermiddagen 27. november etter at det ordinære MONS-programmet er over.

LIA (Language Infrastructure made Accessible, 2014 - 2019) er eit Forskingsråds-finansiert femårig nasjonalt infrastrukturprosjekt med samarbeid mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet er å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei kan revitaliserast som verdifullt forskingsmateriale.

 

 



Kontakt:
Prosjektleiar professor Janne Bondi Johannessen j.b.johannessen ved iln.uio.no

eller

tekstlab-post ved iln.uio.no