tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Å komme i gang  




Det er to måtar å byrje på:

(1) Gå til menyen på venstre side. Vel Spel, Setningsanalyse med tre eller Terminologiquiz. Via desse lenkjene kjem du direkte inn på ei norsk side som viser deg kva spel, setningsanalysar eller quiz du kan velje mellom. På desse sidene er det også direkte lenkjer til kvar aktivitet og lenkjer til aktuelle stader i denne brukarrettleiinga.

(2) Gå direkte til VISLs heimeside. Du vil bli møtt med sida som er vist under. Under Languages kan du klikke på det språket du ønskjer.


Klikk her for å forstørre biletet




Dersom du til dømes klikkar på Norwegian, Nynorsk, kjem du inn på den norske hovudsida for nynorsk. Denne sida er vist under. Som du ser, kan du velje om du vil drive med setningsanalyse (klikk på Non-Automatic parse), spel (klikk på Games) eller quiz (klikk på Quizzes). Gå tilbake til brukarrettleiingsmenyen for å få ei detaljert rettleiing om setningsanalyse, spel og quiz.

Klikk her for å forstørre biletet




Toppen av sida

 


 
Huvudside