- Frisk opp grammatikk-kunnskapane dine
- Forstå dei nye grammatiske termane
- Lær morosame grammatikkspel og analyseverktøy for norsk
og 24 andre språk
Tekstlaboratoriet ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium tilbyr dagskurs for lærarar. Kurset passar for språklærarar på barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Kurset bruker hovudsakleg norsk (bokmål og nynorsk) som eksempelspråk, men også lærarar som underviser i framandspråk eller norsk som andrespråk, vil ha utbytte av kurset. Gjennom GREI finst grammatikkspel og analyseverktøy for 24 språk ved sida av bokmål og nynorsk, for eksempel engelsk, tysk, fransk, spansk, samisk og arabisk.
Kursinnhald
Del 1: Repeter grammatikken og lær dei nye grammatiske termane
Professor Janne Bondi Johannessen gir deltakarane ei kort grammatikkinnføring før ho går meir grundig igjennom dei nye grammatiske termane som Utdanningsdirektoratet og Språkrådet no tilrår. (Les meir om dei nye grammatiske termane).
Del 2: GREI-demonstrasjon og spel sjølv
Vi demonstrerer korleis grammatikkspela og analyseverktøya på GREI kan brukast i undervisninga. Deltakarane får høve til å spele og byggje tre sjølv under kunnig rettleiing.