tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Om GREI  



Fakta om GREI-prosjektet

GREI-prosjektet blei gjennomført i 2003 og var eit samarbeid mellom Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo og VISL-prosjektet ved Syddansk Universitet i Odense.

Kva blei gjort gjennom GREI?
VISL (Visual Interactive Syntax Learning) er eit dansk prosjekt som hittil har laga grammatikkspel og andre grammatikkaktivitetar for 26 språk. Gjennom GREI-prosjektet utvikla Tekstlaboratoriet dei norske sidene hos VISL ved å finne fram til og analysere ei stor mengd setningar for bokmål og nynorsk. Setningane blir brukte til analysar og spel. GREI-prosjektet laga også norske leietekstar og kommentarar på VISL. GREI-sidene er dessutan utvikla slik at VISL-sidene får ein norsk inngangsport med norsk brukarrettleiing.

I GREI-prosjektet samarbeidde Tekstlaboratoriet med tre lærarar og klassene deira i 2003: Adjunkt Anne Marie Heiaas ved Tåsen barneskole, adjunkt Elinor Sevaldson ved Nordberg ungdomsskole og lektor Karl-Eirik Kval ved Fagerborg videregående skole. Alle deltok i diskusjonar og møte. Dessutan gjesta Tekstlaboratoriet og lærarane VISL-prosjektet i Odense. Lærarane brukte også dei norske VISL-sidene i klassene sine.

Evaluering
Resultata frå utprøvinga i klasseromma på Tåsen barneskole, Nordberg ungdomsskole og Fagerborg videregående skole er summerte i to små undersøkingar, ei brukarundersøking som måler haldningane elevane har til VISL-systemet, og ein grammatikktest som måler grammatikkkunnskapane til elevane før og etter bruk av VISL-sidene. Resultata er positive. Nesten alle elevane synest VISL-aktivitetane er meir spennande enn tradisjonelle øvingsoppgåver i grammatikk. Dei grammatiske testane tyder også på at elevar som har brukt VISL, blir betre i grammatikk enn kontrollgruppene. Undersøkingane er gjorde blant så få elevar at det er vanskeleg å trekkje sikre konklusjonar. Resultata er likevel så eintydige at dei burde gi grunnlag for ei større undersøking av effektane av VISL-undervisning.

Finansiering
GREI blei finansiert gjennom Læringssenteret, Tekstlaboratoriet og PaNoLa-prosjektet. PaNoLa (Parsing Nordic Languages) var eit nordisk prosjekt som blei støtta av Nordisk Ministerråds språkteknologiprogram. Her samarbeidde Tekstlaboratoriet også med VISL-prosjektet, med Gøteborgs Universitet og Universitetet i Helsinki. Gjennom PaNoLa blei norsk VISL-språk for fyrste gong i 2002 saman med svensk og finsk. PaNoLa har også arbeidt med automatisk Constraint Grammar-analyse av tekstar. Du kan lese meir om den norske Constraint Grammar-taggaren, Oslo-Bergen-taggaren, her.

Presseomtale
Aftenposten 21. oktober 2003
Utdanning nr. 5 2004
55 kvadratmeter språk: utklipp I og utklipp II (Om GREI-presentasjon i Bærum kulturhus, Budstikka 10. okt. 2005)
Nå bygges Språkets Hus (Om GREI-presentasjon i Bærum kulturhus, Budstikka 7. okt. 2005)

Artiklar
Johannessen, Janne Bondi og Kristin Hagen. 2008.
"Gøy med grammatikk. Dataspill i grammatikkopplæringen". I Språkdidaktikk for norsklærere - mangfold i språk og tekster. Universitetsforlaget 2008 ISBN 978-82-15-01307-7. s. 158-170.
Johannessen, Janne Bondi og Kristin Hagen. 2007.
"Nye grammatiske termer i skoleverket". Språknytt (2) s. 22-28.
Johannessen, Janne Bondi; Kristin Hagen og Janne Von Koss Torkildsen. 2005. "Grammatikkspill og treanalyser for skoleelever". Norsklæraren (1)

Studentprosjekt
Studentane Hildegunn Holmbakken og Eva Lisa Ørvik skreiv obligatoriske oppgåver om GREI på Høgskolen i Vestfold våren 2004. Les oppgåvene her:

Vurdere nettsider/steder til undervisningsformål
GREI i praksis
Tema: Med tastatur eller penn? - refleksjoner rundt IKT, MI og...



Toppen av sida

 

 


 
Huvudside