tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Tips til lærarane  

 

Skriv ut oversikta med terminologiforkortingar slik at elevane kan ha dei ved sida av seg på pulten. Slik blir det lettare å jobbe med terminologi som ikkje stemmer nøyaktig overeins med det som står i lærarboka. I brukarrettleiinga finn du også ei terminologioversikt med eksempel (ordklasser og setningsledd).

Les igjennom brukarrettleiinga på førehand! Du kan også ha nytte av brukarrettleiinga undervegs: Klikk deg fram til den VISL-sida du vil ha, ved hjelp av menyen til venstre på skjermen. VISL-sida vil komme opp i eit eige vindauge i tillegg til GREI-vindauget. Vel deretter Brukarrettleiing frå menyen til venstre, og slå opp i brukarrettleiinga om det er noko du lurer på mens du byggjer tre eller speler spel.

Øv gjerne på spel og trebygging sjølv før du slepp elevane laus, men hugs at elevane gjerne er flinkare enn lærarane sine når det gjeld å spele dataspel ...

Bruk VISL-sidene på andre språk enn norsk! Gå inn på hovudsida til VISL. VISL tilbyr grammatikkspel og trebyggingsanalysar for 27 språk. Kanskje har du ein elev med samisk eller arabisk som morsmål? Eller du kan bruke VISL til framandspråksundervisning i tysk og engelsk?

Gjennomgå grammatikken med elevane på førehand. VISL eignar seg best til øvingar!

Spel og trebygging kan brukast sjølv om elevane berre har gått igjennom nokre emne. Har elevane gjennomgått berre verb og substantiv, kan dei øve seg på å kjenne igjen verb og substantiv gjennom å spele spela Paintbox Game (Målarskrinet), Shooting Gallery (Skytespelet) og WordFall (Ordfall). Her kan elevane sjølv velje kva ordklasser dei vil arbeide med.

Har elevane berre lært subjekt og objekt, kan dei likevel sjå på førehandsanalyserte tre eller byggje tre sjølv. (Klikk på Setningsanalyse med tre i menyen til venstre). Klikk på det ikonet du vil ha (for nivåa A, B, C og D), og vel den gruppa av setningar som passar best.

La elevane øve seg på det dei er dårlegast til! Spelet WordFall (Ordfall) gir deg høve til dette. Gjer slik: Først speler du ein vanleg runde der du klassifiserer alle ordklasser så godt du kan. Når spelet er slutt, kan du registrere deg på resultatlista. Etter at du har registrert deg (eller valt å trykkje Cancel), kjem du vidare til ei oversikt over korleis du har klart deg. Den statistiske oversikta viser kor mange prosent riktige treff du har oppnådd for kvar ordklasse. Nedst på oversikta står følgjande spørsmål: Do you want a custom-made game, to improve your performance? Svarer du yes på dette spørsmålet, vil neste runde vere ei trening på dei ordklassene du oppnådde dårlegast resultat med i førre runde.

Bruk quizane til å øve inn VISL-forkortingane. I Match Forms kan du for eksempel kople saman VISL-forkortingane med dei riktige ordklassene. Du kan også velje å kople forkortingane eller namnet på ordklassene saman med fargane som er assosierte med kvar ordklasse (sjå Paintbox-paletten). Forkortingane eller namnet på ordklassene kan også koplast saman med engelske omgrep. Tilsvarande quiz finst for setningsledda. Dette heiter Match Functions.

På bokmål finst det eit nivå E spesielt eigna for minoritetsspråklege elevar. Dessverre gjeld dette tilbodet førebels berre for bokmål. Les meir om desse setningane her.

OBS!
Dei førehandsanalyserte setningane er korrekturlesne fleire gonger. Vi kan likevel ikkje garantere at det ikkje finst feil... Oppdagar du feil eller er ueinig i ein analyse, så kontakt oss via lenkja øvst på sida. Vi rettar opp feila så fort vi kan!




Toppen av sida

 


 
Huvudside