tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Kort om GREI  






GREI står for GRammatikkspel for Elevar på Internett. GREI-sidene har to hovudaktivitetar: setningsanalyse og grammatikkspel. I tillegg kan du prøve deg på terminologiquiz. Du kan velje om du vil arbeide med setningar på nynorsk eller bokmål. Setningane som blir brukte til setningsanalyse og grammatikkspel, er tilpassa elevar på ulike klassetrinn. Du kan lese meir om GREI-prosjektet her.

GREI-sidene er ein del av eit internasjonalt prosjekt som heiter VISL. Det står for Visual Interactive Syntax Learning og er utvikla av Syddansk Universitet i Odense i Danmark. Førebels har VISL grammatikkaktivitetar på 26 ulike språk i tillegg til bokmål og nynorsk, mellom anna engelsk, tysk, fransk, arabisk, bosnisk og samisk.

Fellesspråket på VISL-sidene er engelsk. Fordelen med dette er at menyar og forklaringar er like – anten du speler spel på norsk eller japansk! Ulempa er sjølvsagt at det kan vere vanskeleg å arbeide med grammatikk på engelsk. GREI-sidene og denne brukarrettleiinga freistar å bøte på dette ved å gi grundige forklaringar på norsk. Nokre av VISL-sidene har også kommentarar, menyar og rettleiing på norsk.

NB! Det kan løne seg å skrive ut oversynet med terminologiforkortingar på førehand slik at du kan ha dei ved sida av deg når du arbeider.

Du kan lese meir om VISL på prosjektet si presentasjonsside.

 

 

 

 

 

 


 
Huvudside