tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Spela





Du kan spele seks spel på nynorsk. Dersom du vil spele eit spel, klikk på lenkja Spel i menyen til venstre. Eventuelt kan du klikke på Games på den norske VISL-sida. Då kjem du til eit oversyn over spela som finst for norsk. Klikk på lenkja til det spelet du ønskjer å spele. Nedanfor finn du ein omtale av dei ulike spela.

Ordklasse- og setningsleddspel
Spela er delte i formspel og funksjonsspel. I formspela arbeider du med ordklasser (slik som substantiv, verb, adverb osv.), mens i funksjonsspela arbeider du med setningsledd (slik som subjekt, verbal, adverbial osv.).

Ordklassespela er: Labyrinth, Paintbox Game, Shooting Gallery og WordFall. Setningsleddspela er: SpaceRescue og Syntris. Det er lurt å prøve begge typar spel.

Vanskegrad

Paintbox Game, Shooting Gallery og WordFall er lette med omsyn til både spelereglar og grammatikk.
Syntris er også lett, men her er det ekstra viktig å lese brukarrettleiinga for å unngå nokre vanlege feil.
SpaceRescue har ikkje vanskelegare grammatikkoppgåver enn dei andre spela, men spelereglane er litt meir komplekse. Det fører til at SpaceResuce tek nokre minutt å setje seg inn i, men i byte er det meir variert enn dei andre spela.
Labyrinth krev at du er ganske kjapp - du har eit spøkjelse i hælane som et deg opp dersom du nøler for lenge! Det kan derfor vere lurt å trene litt på ordklassene med nokre av dei andre form-spela før du prøver deg på Labyrinth.

I Shooting Gallery og WordFall kan du velje vanskegrad på spelet.


Setningsmønster og setningskodar

I alle spela bortsett frå Paintbox, bed spelet deg fyrst om å velje eit setningsmønster eller Pattern:



Dei setningsmønstra som er tilgjengelege for nynorsk, er: ANN, BNN, CNN og DNN. Her står A, B, C og D for nivå, der A er lettast og D er vanskelegast. NN står for nynorsk. Setningsmønster for bokmål er ABM, BBM, CBM, DBM og EBM. Klikk så på Play. Du kan også klikke på Play utan å skrive noko inn i boksen. Då blir tilfeldige setningar valde for deg frå eit av nivåa.

I treanalysen og Paintbox-spelet har du også høve til å skrive inn ein heil setningskode og dermed velje ut akkurat den setninga du vil ha. Setningskoden består av setningsmønsteret + eit tal. Dersom du skriv inn ANN47, får du setning 47 frå ANN-nivået. Skriv du BNN120, får du setning 120 frå BNN.

Toppen av sida

 


 
Huvudside