tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Funksjon: Setningsledd  





Setningsledda blir forkorta med store bokstavar. På treanalysesida har setningsledda lysegrøn farge.

Setningstypar

Vi har fire setningstypar:

Forkorting

Setningstype

Eksempel

STA

Forteljande setning (Statement)

Vevkjerringa sleppte lysekrona.

QUE

Spørjesetning (Question)

Sleppte vevkjerringa lysekrona?

COM

Bydesetning (Command)

Slepp lysekrona!

EXC

Utrop (Exclamation)

Uff då!


Setningsledd

Vi bruker følgjande setningsledd:

Forkorting

Setningsledd

Eksempel

S

Subjekt

Lisa syklar.
Jenta med dei blå snikkarbuksene syklar.
At ho kjem for seint, overraskar meg ikkje.

Sf

Formelt subjekt

Det sit ein nisse på stubben.
Det snør.

Sr

Eigentleg subjekt

Det sit ein nisse på stubben.

P

Verbal

Simen sprang.
Simen har sprunge i ein time.
Simen hadde kunna springe i fleire timar.

Od

Direkte objekt

Tora åt lakris.
Tora åt eit tonn med lakris.

Oi

Indirekte objekt

Siri serverte Markus eit stykke av bursdagskaka.
Vaktaren gav pingvinen med det gule håret eit ekstra fiskestykke.

A

Adverbial

Hunden tusla heim.
I Brasil dansar dei samba.

Cs

Predikativ: subjekstpredikativ

Marianne er astronaut.
Ole Jørgen skal guten heite.
Lukka er å ete is i sola.

Co

Predikativ: objektspredikativ

Elevane skurte golvet reint.
Solkongen kalla dei han.

SUB

Subjunksjonal

Eg vonar at ho kjem.


Sideordningsledd

Vi bruker følgjande sideordningsledd:

Forkorting

Sideordningsledd

Eksempel

CO

Koordinator

Sara, Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.

CJT

Konjunkt

Sara, Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.



Gruppeledd

Det er to gruppeledd: Hovud og Dependent. Det er eitt hovud og ein eller fleire dependentar i ei gruppe. Vi opererer med fem ulike grupper:

grupper med substantiv som hovud
grupper med adjektiv som hovud
grupper med preposisjonar eller adverb som hovud
grupper med verb som hovud
grupper med pronomen som hovud

Forkorting

Gruppeledd

Eksempel
(gruppa med feit skrift, hovudet i gruppa med raudt)

H

Hovud

Substantiv er hovud:
Den skitne hunden bjeffa.
Den skitne hunden med naglehalsbandet bjeffa.
Ho hadde store føter.

Adjektiv er hovud:
Jakka var heilt ny.

Adverb er hovud:
Ho køyrer svært fort

Preposisjon er hovud:
Nøklane låg bordet.
I den gamle rønna fann Anja eit gulna brev.

Pronomen er hovud:
Ho bak disken smilte til meg.

Verb er hovud:
Eg har sove i åtte timar.
Jenny har vilja gjeste henne lenge.
Andreas kan ikkje komme på trening i dag.

Forkorting

Gruppeledd

Eksempel
(gruppa med feit skrift, dependenten i gruppa med raudt)

D

Dependent

Substantiv er hovud:
Den skitne hunden bjeffa.
Den skitne hunden med naglehalsbandet bjeffa.
Ho hadde store føter

Adjektiv er hovud:
Jakka var heilt ny

Adverb er hovud:
Ho køyrer svært fort.

Preposisjon er hovud:
Nøklane låg bordet.
I den gamle rønna fann Anja eit gulna brev.

Pronomen er hovud:
Ho bak disken smilte til meg

Verb er hovud:
Eg har sove i åtte timar.
Jenny har vilja gjeste henne lenge.
Andreas kan ikkje komme på trening i dag.


Toppen av sida

 


 
Huvudside