tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Labyrinth (Labyrinten)  

 

 


I Labyrinth arbeider du med ordklasser.

Når du kjem inn på Labyrinth-sida, kan du starte spelet på to måtar: Den eine måten å starte spelet på er å skrive inn eit setningsmønster i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke på Play utan å skrive inn noko setningsmønster i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du høve til å registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel.

Slik startar du spelet
Når du klikkar på Play, blir det opna eit nytt vindauge med eit bilete av ei gul mus og ein blinkande raud museknapp. Klikk i nærleiken av den raude knappen for å starte spelet. Då får du sjå ein labyrint full av ordklasser. Ein liten raud pelsball fell ned i labyrinten i fallskjerm.

Målet med spelet
Ei setning kjem fram på toppen av skjermen. Di oppgåve er å styre pelsballen gjennom labyrinten slik at han råkar den rette ordklassa for kvart av orda som blir markerte på skjermen. Merk deg at pelsballen ikkje kan stå stille for lenge fordi han har eit farleg spøkjelse hakk i hæl! Dersom pelsballen blir innhenta av spøkjelset, misser du eit liv. Under ser du eit spel der spelaren har greidd fire ord og held på med det femte. Poengsummen er markert med raude tal.



Å flytte seg gjennom labyrinten
Du flytter pelsballen ved å bruke piltastane på tastaturet. Når du kjem til eit vegskilje, må du velje den rette ordklassa. Dersom den rette ordklassa ikkje er tilgjengeleg, må du gå gjennom veggen heilt til du kjem til den ordklassa du skal ha. Kvite prikkar markerer den vegen du alt har gått. Du har ikkje lov til å gå tilbake.

Vanskegrad
Vanskegraden på spelet endrar seg i takt med evnene dine, dess flinkare du blir, dess vanskelegare blir spelet. Etter at du har klart fem setningar, kjem spøkjelset litt tidlegare og flytter seg litt raskare enn før. På høgre side stig "spøkjelsesbarometeret" etter som spelet blir vanskelegare.

Tap av liv
Du byrjar med seks liv. Pelsballane over poengsummen viser kor mange liv du har igjen. Kvar gong du misser eit liv, blir ein av pelsballane kryssa ut. Du kan miste eit liv på tre måtar: 1) ved å velje feil ordklasse, 2) ved å gå tilbake den vegen du kom, eller 3) ved å freiste å gå gjennom ein vegg dersom den rette ordklassa alt er tilgjengeleg.

Poeng
Du får 5 poeng kvar gong du råkar den rette ordklassa. Du misser 5 poeng kvar gong du gjer noko feil, det vil seie kvar gong du misser eit liv. Når du klarer å fullføre ei setning, blir poengsummen du har fått for denne setninga fordobla. Når du er ferdig med eit spel, får du tilbod om å registrere poengsummen din i resultatlista. Slik kan du konkurrere med andre spelarar.

Menyen
På toppen av skjermen finn du ein meny med vala Game, Size og Help. I Game-menyen kan du stoppe spelet med Stop game. Dessutan kan du sjå resultatlista ved å velje Highscores. Resultatlista viser resultata frå dei siste 24 timane, dei siste 30 dagane og dei siste 365 dagane. Du kan også starte eit nytt spel ved å velje New Game. Under Size kan du velje kor stort skjermbilete du vil ha på spelet: Small (lite), Medium (middels), Large (stort) eller Fit Screen (slik at det høver til skjermen din.



Litt grammatikkhjelp
Her kjem nokre døme for å hjelpe deg med ordklassene. Orda har same farge som i Paintbox-paletten:

n = substantiv (sykkel, bok, fredag, Harry, Oslo)
pron = pronomen (eg, han, kvarandre, seg )
det = determinativ (ein, eit, det, min, fire )
adj = adjektiv (blå, snill, flink, humpete, fjerde)
prep = preposisjon (på, i, under, ved)
conj = konjunksjon (og, eller, men, for )
sbu = subjunksjon (at, fordi, derfor, å) (sbu-fargen er kvit)
intj = interjeksjon (oi, au, uff, jippi)
adv = adverb (veldig, så, ute, fort)
v = verb (er, åt, har, fastsetje)


Setningsmønster og setningskodar
I alle spela bortsett frå Paintbox, bed spelet deg fyrst om å velje eit setningsmønster eller Pattern:




Dei setningsmønstra som er tilgjengelege for nynorsk, er: ANN, BNN, CNN og DNN. Her står A, B, C og D for nivå, der A er lettast og D er vanskelegast. NN står for nynorsk. Setningsmønster for bokmål er ABM, BBM, CBM, DBM og EBM. Klikk så på Play. Du kan også klikke på Play utan å skrive noko inn i boksen. Då blir tilfeldige setningar valde for deg frå eit av nivåa.

I treanalysen og Paintbox-spelet har du også høve til å skrive inn ein heil setningskode og dermed velje ut akkurat den setninga du vil ha. Setningskoden består av setningsmønsteret + eit tal. Dersom du skriv inn ANN47, får du setning 47 frå ANN-nivået. Skriv du BNN120, får du setning 120 frå BNN.

 

Toppen av sida

 


 
Huvudside