tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Shooting Gallery (Skytespelet)  

 

 


I Shooting Gallery arbeider du med ordklasser.

Slik startar du spelet
Når du kjem inn på Shooting Gallery-sida, kan du starte spelet på to måtar: Den eine måten å starte spelet på er å skrive inn eit setningsmønster i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke på Play utan å skrive inn noko setningsmønster i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du høve til å registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Når du klikkar på Play, vil det opne seg eit eige vindauge for spelet. For å starte spelet må du trykkje på F2-tasten øvst på tastaturet ditt.

Slik speler du
Datamaskina gir deg 100 setningar å skyte på. Desse setningane er delte i 10 grupper av 10 setningar. For kvar av desse 10 gruppene vil datamaskina fortelje deg kva ordklasse du skal skyte. Denne ordklassa gjeld for dei 10 neste setningane, altså heilt til du blir varsla om at du skal skyte på ei anna ordklasse.

Du skyt ved å peike på rett ord med musa og klikke. For kvart ord av den rette ordklassa du skyt ned, får du 10 poeng. Du kan sjå at du har skote det rette ordet fordi det blir grønt når du råkar det. Dersom du skyt eit ord frå feil ordklasse, blir ordet raudt når du råkar det og du misser 5 poeng.



Spelet er over dersom du skyt 5 ord frå feil ordklasse, eller dersom du lèt 5 ord frå rett ordklasse sleppe forbi. Du kan sjølv avslutte spelet når du vil. Det er to måtar å avslutte spelet på. Anten vel du Stop Game i Game-menyen, eller så vel du Quit i den same menyen. Dersom du vel Stop game, får du sjansen til å registrere resultatet ditt dersom du har fått mange nok poeng (sjå under).

Resultatliste
Dersom du er ein av dei 10 beste den dagen du speler, eller dersom du er ein av dei 100 beste totalt, får du sjansen til å registrere namnet ditt og landet du kjem frå. Dersom du vil sjå på resultatlista, vel Highscore i Game-menyen.

Vanskegradar
Spelet har tre vanskegradar: Beginner (nybyrjar), Intermediate (litt øvd) og Expert (ekspert). Dess høgare vanskegrad du vel, dess raskare flyg setningane forbi og dess lengre blir dei. Dersom du ikkje vel nivå, vil spelet automatisk velje det midtarste nivået. Dersom du vil endre nivået, vel Level i Game-menyen.

Legg merke til at farten på setningane aukar dess lenger ut du kjem i spelet, sjølv om du ikkje har skifta nivå.

Språk
Du kan endre språk ved å velje Language i Game-menyen.

Ordklasser
I Shooting Gallery kan du velje om du vil spele med alle ordklassene, eller om du berre vil ha nokre. Spelet bruker automatisk alle ordklassene dersom du ikkje aktivt vel noko anna. Dersom du ikkje vil ha med alle ordklassene, kan du velje anten 1) berre substantiv og verb eller 2) berre dei store ordklassene (substantiv, verb, adjektiv og adverb) eller 3) berre dei små ordklassene (konjunksjonar, pronomen, preposisjonar og determinativ). Du kan endre ordklassene som blir brukte ved å velje Word Classes i Game-menyen.

Lyd
Når du byrjar spelet, er lyden på. Du treng høyretelefonar eller høgtalarar på datamaskina di for å høyre lyden. Dersom du vil skru lyden av, kan du velje Sound effects under Settings-menyen slik at denne ikkje lenger er markert med ein hake.


Setningsmønster og setningskodar
I alle spela bortsett frå Paintbox, bed spelet deg fyrst om å velje eit setningsmønster eller Pattern:


Dei setningsmønstra som er tilgjengelege for nynorsk, er: ANN, BNN, CNN og DNN. Her står A, B, C og D for nivå, der A er lettast og D er vanskelegast. NN står for nynorsk. Setningsmønster for bokmål er ABM, BBM, CBM, DBM og EBM . Klikk så på Play. Du kan også klikke på Play utan å skrive noko inn i boksen. Då blir tilfeldige setningar valde for deg frå eit av nivåa.

I treanalysen og Paintbox-spelet har du også høve til å skrive inn ein heil setningskode og dermed velje ut akkurat den setninga du vil ha. Setningskoden består av setningsmønsteret + eit tal. Dersom du skriv inn ANN47, får du setning 47 frå ANN-nivået. Skriv du BNN120, får du setning 120 frå BNN.

Toppen av sida

 


 
Huvudside