tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Syntris  




I Syntris arbeider du med setningsledd.

Slik startar du spelet
Når du kjem inn på Syntris-sida, kan du starte spelet på to måtar: Den eine måten å starte spelet på er å skrive inn eit setningsmønster i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke på Play utan å skrive inn noko setningsmønster i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du høve til å registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel.

Når du klikkar på Play, opnar det seg ei eiga Syntris-side. For å starte spelet må du trykkje på F2-tasten øvst på tastaturet.

Slik speler du
Datamaskina vel ei setning og deler henne opp i sine rette setningsledd. Så kjem ein boks ned frå himmelen. Denne boksen inneheld namna på fire setningsledd. Di oppgåve er å flytte boksen og namna på setningsledda slik at dei høver til eit av setningsledda under. Eit oversyn over setningsledda finn du her. Slik ser skjermbiletet ut når du speler:



For å flytte boksen, bruk piltastane til venstre og høgre. Venstre piltast flytter boksen mot venstre, og høgre piltast flytter boksen mot høgre. For å flytte om på setningsledda inne i boksen, bruk opp- og ned-pilane. Det setningsleddet som tel, er det som er NEDST i boksen (dette er jo den delen av boksen som kjem i direkte kontakt med setningsleddet når det fell ned). Når du har flytt boksen dit du vil og flytt om på setningsledda inne i boksen slik du ønskjer, kan du berre la boksen falle.

Fart
Dersom du synest boksen fell for sakte, er det berre å trykkje på mellomromstasten (den lange tasten nedst på tastaturet), så fell boksen raskare. Dess oftare du trykkjer på mellomromstasten, dess raskare fell boksen.

Pause
Dersom du vil ha ein pause i spelet, trykkjer du på p på tastaturet. Når du er klart til å starte igjen, trykk på p ein gong til og spelet held fram.

Poeng
Kvar gong du får eit setningsledd til å falle ned på rett stad, får du 10 poeng og dette setningsleddet blir grått. Det rette setningsleddet blir vist med blå bokstavar under. Kvar gong du lèt eit setningsledd falle ned på feil stad, misser du 5 poeng og datamaskina vel ei ny setning. Den gamle setninga blir verande nedst på skjermen. Men du har framleis sjansen til å rette opp feilen i den gamle setninga. Dersom du greier å analysere dei setningane som ligg over den gamle setninga, vil du igjen nå ned til den gamle setninga og få ein sjanse til å analysere henne på nytt. Spelet er over når 10 setningar har lagt seg oppå kvarandre på skjermen. Du kan sjølv stoppe spelet når du vil ved å velje Stop Game eller Quit frå Game-menyen.

Resultatliste
Når eit spel er ferdig, kan du få vite den totale poengsummen din og kvar du ligg på resultatlista. Dersom du er mellom dei 100 beste, kan du registrere namnet ditt og kva land du er frå. Du kan sjå resultatlista ved å velje Highscore frå Game-menyen. Maskina har oversyn over dei 100 beste resultata dette året og månaden, og dei 10 beste resultata denne veka og dagen.

Språk
Du kan endre språk ved å velje Language i Game-menyen.

Slik stoppar du spelet
Du kan sjølv stoppe spelet når du vil ved å velje Stop Game eller Quit frå Game-menyen.

Lyd
Førebels er det ingen lydeffektar tilgjengelege for dette spelet.


Setningsmønster og setningskodar
I alle spela bortsett frå Paintbox, bed spelet deg fyrst om å velje eit setningsmønster eller Pattern:



Dei setningsmønstra som er tilgjengelege for nynorsk, er: ANN, BNN, CNN og DNN. Her står A, B, C og D for nivå, der A er lettast og D er vanskelegast. NN står for nynorsk. Setningsmønster for bokmål er ABM, BBM, CBM, DBM og EBM. Klikk så på Play. Du kan også klikke på Play utan å skrive noko inn i boksen. Då blir tilfeldige setningar valde for deg frå eit av nivåa.

I treanalysen og Paintbox-spelet har du også høve til å skrive inn ein heil setningskode og dermed velje ut akkurat den setninga du vil ha. Setningskoden består av setningsmønsteret + eit tal. Dersom du skriv inn ANN47, får du setning 47 frå ANN-nivået. Skriv du BNN120, får du setning 120 frå BNN.


Setningsledd
Vi bruker følgjande setningsledd:

Forkortelse

Setningsledd

Eksempler

S

Subjekt

Lisa syklar.
Jenta med dei blå snikkarbuksene syklar.
At ho kjem for seint, overraskar meg ikkje.

Sf

Formelt subjekt

Det sit ein nisse på stubben.

Sr

Eigentleg subjekt

Det sit ein nisse på stubben.

P

Verbal

Simen sprang.
Simen har sprunge i ein time.
Simen hadde kunna springe i fleire timar.

Od

Direkte objekt

Tora åt lakris.
Tora åt eit tonn med lakris.

Oi

Indirekte objekt

Siri serverte Markus eit stykke av bursdagskaka.
Vaktaren gav pingvinen med det gule håret eit ekstra fiskestykke.

A

Adverbial

Hunden tusla heim.
I Brasil dansar dei samba.

Cs

Predikativ: subjekstpredikativ

Marianne er astronaut.
Ole Jørgen skal guten heite.
Lukka er å ete is i sola.

Co

Predikativ: objektspredikativ

Elevane skurte golvet reint.
Solkongen kalla dei han.

SUB

Subjunksjonal

Eg vonar at ho kjem.



Sideordningsledd
Vi bruker følgjande sideordningsledd:

Forkorting

Sideordningsledd

Eksempel

CO

Koordinator

Sara, Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.

CJT

Konjunkt

Sara, Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.

Toppen av sida

 


 
Huvudside