tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Paintbox Game (Målarskrinet)  

 

 

I Paintbox arbeider du med ordklasser.

Slik startar du spelet
Når du kjem inn på Paintbox-sida, kan du starte spelet på to måtar: Den eine måten å starte spelet på er å skrive inn ein setningskode, til dømes BNN32, i den kvite boksen. Den andre måten er å klikke på eit av bokstavikona øvst på sida (den gule A-en, den grøne B-en eller den blå C-en). Då vil det komme opp ei liste med setningar. Frå denne lista kan du velje ei setning ved å klikke på ikonet til venstre for setninga.

Målet med spelet
Målet med spelet er å fargeleggje alle orda i setninga med rett farge. Kvar ordklasse har sin eigen farge.

Slik speler du
Du fargelegg eit ord ved å klikke på den rette fargen på paletten og så klikke på det ordet du vil fargeleggje. Forkortingane for dei ulike ordklassene finn du nedanfor. I dømet under er tømde eit verb. Derfor skal du måle det raudt, det vil seie med den fargen som er merkt v. Turistsjefen er eit substantiv og skal derfor vere blå, det vil seie den fargen som er merkt n. Sidan lommene også er eit substantiv, kan du måle det i same slengen, altså utan å gå tilbake til paletten.

Hjelp
Dersom du ikkje veit kva farge du skal velje, kan du klikke på sirkelen VIS i midten av paletten og så klikke på det ordet du treng hjelp med.

Paletten
Dei to basisfargane er blå for substantiv og raud for verb. Dei orda som har nært slektskap med substantiv (pronomen, determinativ og adjektiv), er på den blå-grøne fargeskalaen. Dei orda som har nært slektskap med verb (adverb) er på den raud-oransje fargeskalaen. Sirklane på paletten har to ulike storleikar. Storleiken på sirkelen seier noko om kor mange ord som finst i ordklassa. Derfor er sirklane for opne ordklasser (som substantiv, verb, adjektiv og adverb) størst.

Gjenta
Når du er ferdig med ei setning, kan du velje å spele med den same setninga ein gong til ved å trykkje på Gjenta.


Ny setning
Dersom du vil at spelet skal velje ei ny setning til deg, så trykk på Ny setning. Då blir spelet automatisk starta på nytt med ei ny setning. Dersom du har lyst til å velje ut den neste setninga sjølv, kan du klikke på det gule, grøne eller blå bokstav-ikonet øvst på sida. Då kjem du til eit oversyn over alle setningane. Klikk på ikonet til venstre for den setninga du vil spele med. Ei tredje moglegheit for å få ei ny setning er å skrive inn ein setningskode i den kvite boksen.

Lyd
Under paletten er det ein boks som heiter Lyd. Når du byrjar spelet, er denne boksen merkt av. Det tyder at lyden er på. Du treng høyretelefonar eller høgtalarar på datamaskina di for å høyre lyden. Dersom du vil skru lyden av, kan du klikke i boksen slik at den svarte avmerkinga går bort.

Flodhest
Når du byrjar spelet, er det ein flodhest nedst på skjermen. Du kan velje å byte ut denne flodhesten med eit andlet. Dersom du vil byte ut flodhesten, så klikk i boksen som er merkt Flodhest slik at markeringa forsvinn.

Val
Når du startar Paintbox, er alle sirklane på paletten farga. Dette tyder at alle ordklasser er representerte og at du dermed kan fargeleggje alle orda du får i spelet. Men det er ikkje nødvendig å arbeide med alle ordklassene. Dersom du vil konsentrere deg om nokre ordklasser, klikk på Start val-boksen som er rett over paletten. Då forsvinn alle fargane i paletten, og han blir sjåande slik ut:

No kan du velje kva ordklasser du vil ha med i spelet ved å klikke på sirklane. Dersom du angrar deg og vil ta bort ein farge du har markert, så klikk på denne fargen. Då kjem han til å forsvinne. Dersom du til dømes berre vil spele med substantiv, verb og adjektiv, klikk på n, v og adj. Då vil paletten sjå slik ut:


Når du er ferdig med å velje ordklasser, så klikk på knappen Stopp val over paletten (legg merke til at knappen Start val blir endra til Stopp val når du klikkar på han, og omvendt). Spelet vil no starte automatisk. Du treng berre å bry deg om dei ordklassene du har markert i paletten. Ord frå andre ordklasser enn dei som er markerte, vil du ikkje kunne fargeleggje.

Litt grammatikkhjelp
Her kjem nokre døme for å hjelpe deg med ordklassene. Orda har same farge som i Paintbox-paletten:

n = substantiv (sykkel, bok, fredag, Harry, Oslo)
pron = pronomen (eg, han, kvarandre, seg )
det = determinativ (ein, eit, det, min, fire )
adj = adjektiv (blå, snill, flink, humpete, fjerde)
prep = preposisjon (på, i, under, ved)
conj = konjunksjon (og, eller, men, for )
sbu = subjunksjon (at, fordi, derfor, å) (sbu-fargen er kvit)
intj = interjeksjon (oi, au, uff, jippi)
adv = adverb (veldig, så, ute, fort)
v = verb (er, åt, har, fastsetje)

 

Toppen av sida

 


 
Huvudside