tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
SpaceRescue
(Redningsaksjon i rommet)
 

 

 



I SpaceRescue arbeider du med setningsledd.


Slik startar du spelet
Den eine måten å starte spelet på er å skrive inn eit setningsmønster i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke på Play utan å skrive inn noko setningsmønster i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du høve til å registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Når du klikkar på Play, vil det opne seg eit eige vindauge for spelet. For å starte spelet må du trykkje på F2-tasten øvst på tastaturet ditt.

Målet med spelet
Ei setning kjem opp øvst på skjermen. Kvart av orda i setninga vert passa på av ein slem blekksprut. Målet med spelet er å frigjere dei ulike setningsledda og gi dei namn. Spelet er oppbygd av tre stadium.

Stadium 1
Du startar med fem kampfly. Flya blir styrde ved hjelp av piltastane på tastaturet. Du skyt blekksprutane med ein laserstråle frå flyet. Laserpistolen fyrer du av ved å trykkje på mellomromstasten (den lange tasten nedst på tastaturet). Vel deg ut eit setningsledd (hugs at eit setningsledd kan bestå av fleire ord!) og skyt alle blekksprutane som vaktar ord innanfor dette setningsleddet. Dersom du skyt mot ein blekksprut som ikkje vaktar eit ord innanfor det setningsleddet du har valt, vil alle dei andre blekksprutane skyte på deg og prøve å øydeleggje kampflyet ditt. Du kan unngå å bli skoten ved å flytte på kampflyet slik at skota ikkje råkar deg.




Stadium 2
Når du har skote fritt eit setningsledd, anten det består av eitt eller fleire ord, sender du inn eit redningsskip ved å trykkje på R på tasturet. Du har berre 10 redningsskip. Dersom du sender inn eit redningsskip for tidleg (før du er ferdig med heile setningsleddet), vil blekksprutane øydeleggje det.


Stadium 3
Når du er ferdig med eit setningsledd og det er teke vare på av redningsskipet, vel du den rette funksjonen (subjekt, verbal, adverbial etc.) frå lista til høgre på skjermen. Du flytter deg opp og ned i denne lista ved å trykkje på A (oppover) og D (nedover) på tastaturet. Når du har markert den rette funksjonen, trykkjer du på S (send) for å sende funksjonen til redningsskipet. Dersom funksjonen er rett, flyg skipet bort med setningsleddet og set det på plass i setninga saman med funksjonen. Setningsleddet blir då grønt.

Dersom du har valt feil funksjon, vil blekksprutane angripe deg og øydeleggje eit av dei raude skjolda. Kvart setningsledd du har redda, er verna av to raude skjold, eitt over seg og eitt under seg. Det tyder at du har to sjansar til å velje den rette funksjonen. Dersom du feilar to gonger, vil redningsskipet bli øydelagt. Då vil datamaskina vise deg den rette funksjonen og farge setningsleddet raudt. Under har du eit oversyn over tastane og funksjonane som blir brukte i spelet:



Til venstre på biletet over finn du namnet til dei tastane som blir brukte i spelet. Desse tastane er:

SPC
(Space bar): Fyr av laserpistolen med mellomromstasten
A (Ascend): Før markøren oppover lista med funksjonskodar
S (Send): Send korrekt funksjonskode til redningsskipet
D (Descend): Før den raude markøren nedover lista med funksjonskodar
R (Rescue): Send inn redningsskip

Eit oversyn over dei ulike funksjonskodane som blir brukte i spelet finn du her. Spelet er over når du misser alle dei ti redningsskipa eller alle dei fem kampflya.

Poeng
Du får 10 poeng for kvart rette ord du set saman med eit setningsledd. Når heile setningsleddet er sett saman og du koplar setningsleddet med den rette funksjonen, blir poengsummen for dette setningsleddet fordobla. Dersom du prøver å leggje til eit ord som ikkje høyrer heime i eit setningsledd, misser du 5 poeng. For å verkeleg strø salt i såra, vil blekksprutane også skyte på deg dersom du plasserer eit ord i feil setningsledd.

Ny setning
Når du er ferdig, kan du trykkje på R for å få ei ny setning. Då kjem eit redningsskip og tek med seg den ferdige setninga ut i verdsrommet og hentar ei ny setning.

Menyen




På toppen av vindauget er det ein meny slik som biletet over viser.

For å bruke menyen, klikk på anten Game, Settings eller Help. Under Game kan du stoppe spelet ved å velje Stop Game. Du kan også sjå på resultatlista ved å velje Highscore. Highscore er berre tilgjengeleg før og etter spelet. Dersom du vil sjå resultatlista, må du derfor anten stoppe spelet eller vente til spelet er over.

Under Settings kan du slå lyden av eller på ved å velje Sound Effects. Lyden er på i utgangspunktet. Du kan sjå at lyden er på ved at det er ein svart hake ved sida av Sound Effects. Du treng høgtalarar eller høyretelefonar for å høyre lyden.

Under Help kan du velje Introduction for å få ei innføring i spelet. Dersom du heller vil ha ein interaktiv rundtur i spelet, vel Tutorial. Førebels finst desse funksjonane berre på engelsk. Dersom du vel About, får du vite namnet og e-post-adressa til dei som har laga spelet.


Setningsledd
Vi bruker følgjande setningsledd:

Forkortelse

Setningsledd

Eksempler

S

Subjekt

Lisa syklar.
Jenta med dei blå snikkarbuksene syklar.
At ho kjem for seint, overraskar meg ikkje.

Sf

Formelt subjekt

Det sit ein nisse på stubben.

Sr

Eigentleg subjekt

Det sit ein nisse på stubben.

P

Verbal

Simen sprang.
Simen har sprunge i ein time.
Simen hadde kunna springe i fleire timar.

Od

Direkte objekt

Tora åt lakris.
Tora åt eit tonn med lakris.

Oi

Indirekte objekt

Siri serverte Markus eit stykke av bursdagskaka.
Vaktaren gav pingvinen med det gule håret eit ekstra fiskestykke.

A

Adverbial

Hunden tusla heim.
I Brasil dansar dei samba.

Cs

Predikativ: subjekstpredikativ

Marianne er astronaut.
Ole Jørgen skal guten heite.
Lukka er å ete is i sola.

Co

Predikativ: objektspredikativ

Elevane skurte golvet reint.
Solkongen kalla dei han.

SUB

Subjunksjonal

Eg vonar at ho kjem.



Sideordningsledd
Vi bruker følgjande sideordningsledd:

Forkortelse

Sideordningsledd

Eksempler

CO

Koordinator

Sara, Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.

CJT

Konjunkt

Sara, Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.

Toppen av sida

 


 
Huvudside