tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
WordFall (Ordfall)  

 

 

I WordFall arbeider du med ordklasser.

Når du kjem inn på WordFall-sida, kan du starte spelet på to måtar: Den eine måten å starte spelet på er å skrive inn eit setningsmønster i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke på Play utan å skrive inn noko setningsmønster i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du høve til å registrere resultatet ditt når du er ferdig med eit spel. Når du klikkar på Play, opnar det seg ei eiga WordFall-side. For å starte spelet må du trykkje på F2-tasten øvst på tastaturet.

Slik speler du
Ei setning kjem opp øvst på skjermen. Eitt etter eitt byrjar orda å falle nedover skjermen. Di oppgåve er å sørgje for at orda som fell, landar i rett ordklasse. Eit oversyn over forkortingane for dei ulike ordklassene finn du her. Slik ser skjermbiletet ut når du speler:



Du bruker piltastane til å flytte dei fallande orda. Den venstre pilen flytter ordet til venstre, og den høgre pilen flytter ordet til høgre. Dersom ordet er heilt på den eine sida av skjermen, kan du styre det ut av skjermen på denne sida, slik at det kjem ut igjen på den andre sida. Når du har flytt eit ord til rett posisjon, kan du få det til å falle raskare ved å bruke ned-pilen på tastaturet. Men pass på å berre trykkje ein gong på ned-pilen. Dersom du trykkjer to gonger, vil både det ordet du held på med, og det neste bli styrt ned i den kategorien det er plassert over.

Poeng
For kvart ord som fell ned i rett ordklasse, får du 10 poeng. Kvar gong du plasserer eit ord feil, misser du 5 poeng. Dersom du greier ei heil setning utan å gjere feil, får du ein bonus på 10 poeng ekstra for kvart ord i setninga. Med andre ord doblar du poengsummen for ei setning dersom du gjer alt heilt rett.

På høgre side er det ein "straffeboks" som er kalla Penalty Box. Kvar gong eit ord fell ned i feil ordklasse, aukar vass-standen i straffeboksen. Når straffeboksen er heilt full, kjem det ein murvegg over den setninga du held på med. Murveggen gjer at orda i neste setning får kortare veg å falle og du må reagere raskare.

Spelet er over når murveggen fyller heile skjermen. Du kan også stoppe spelet når du vil ved å velje Quit frå Game-menyen.

Resultatliste
Dersom poengsummen din er mellom dei 10 beste den dagen eller mellom dei 100 beste totalt, kan du registrere namnet ditt og landet du kjem frå.

Vanskegradar
Det er tre vanskegradar: nybyrjar (Beginner), middels (Intermediate) og avansert (Expert). Dess høgare vanskegrad du vel, dess lengre blir setningane og dess raskare fell orda. Storleiken på mursteinane i veggen aukar også, slik at skjermen blir fylt raskare opp når du gjer ein feil. Spelet startar automatisk på middels vanskegrad dersom du ikkje vel noko anna. Dersom du vil endre vanskegraden, vel Level i Game-menyen.

Språk
Du kan endre språk ved å velje Language frå Game-menyen.

Ordklasser
Dersom du ikkje vel noko spesielt, bruker WordFall alle ordklassene. Dersom du ønskjer eit avgrensa utval av ordklasser, kan du velje Word Classes i Game-menyen. Her finst det tre førehandsdefinerte grupper av ordklasser: 1) berre verb og substantiv, 2) berre dei store ordklassene (substantiv, verb, adjektiv og adverb), 3) berre dei små ordklassene (konjunksjonar, pronomen, preposisjonar og determinativ). Dersom du ønskjer ei anna gruppe av ordklasser enn dei tre førehandsdefinerte, vel Word Classes frå Game-menyen og Custom. Då kjem det opp eit eige vindauge der du kan hake av dei ordklassene du sjølv ønskjer. Men hugs at dersom du vel ut ordklassene du skal spele med gjennom Custom, vil du ikkje kunne registrere resultatet ditt i resultatlista.

Slik stoppar du spelet
Du kan når som helst stoppe spelet ved å velje Stop Game eller Quit frå Game-menyen. Men du får berre sjansen til å registrere resultatet ditt dersom du vel Stop Game. Du må også ha oppnådd ein viss poengsum for å få lov til å registrere resultatet ditt.

Lyd
Når du startar spelet, er lyden på. Du treng høgtalarar eller høyretelefonar tilknytt datamaskina for å høyre lyden. Dersom du vil skru av lyden, vel Sound Effects i Settings-menyen.

Statistikk
Når spelet er over, vil datamaskina vise deg eit oversyn over resultata dine for dei ulike ordklassene. Datamaskina spør deg om du ønskjer eit skreddarsydd spel for å øve på dei ordklassene du hadde problem med i det førre spelet.

Litt grammatikkhjelp
Her kjem nokre døme for å hjelpe deg med ordklassene. Orda har same farge som i Paintbox-paletten:

n = substantiv (sykkel, bok, fredag, Harry, Oslo)
pron = pronomen (eg, han, kvarandre, seg )
det = determinativ (ein, eit, det, min, fire )
adj = adjektiv (blå, snill, flink, humpete, fjerde)
prep = preposisjon (på, i, under, ved)
conj = konjunksjon (og, eller, men, for )
sbu = subjunksjon (at, fordi, derfor, å) (sbu-fargen er kvit)
intj = interjeksjon (oi, au, uff, jippi)
adv = adverb (veldig, så, ute, fort)
v = verb (er, åt, har, fastsetje)


Toppen av sida

 


 
Huvudside