tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   

Ei kort samanlikning mellom nye og gamle grammatiske termar

 







Språkrådet og Utdanningsdirektoratet har tilrådd nye grammatikktermar til bruk for skuleverket. Termane er omtalte i Grammatiske termer til bruk i skoleverket. Tilråding fra Norsk språkråd og Utdanningsdirektoratet. Tilrådinga byggjer i hovudsak på Norsk referansegrammatikk. Nedanfor følgjer ei kort oppsummering av dei viktigaste skilnadene mellom nye og gamle termar. Oppsummeringa er henta frå artikkelen Nye grammatiske termer i skoleverket frå Språknytt 2007(2), side 22-28. Artikkelen er skreven av Janne Bondi Johannessen og Kristin Hagen og kan lesast her.
Du kan lese meir om korleis setningane på GREI er analyserte med dei nye termane her.

Ordklasser

Tradisjonelle skuletermar Nye grammatiske termar Forskjell
Substantiv Substantiv Ingen
Verb Verb Ingen
Adjektiv Adjektiv I tillegg: ordenstal
Pronomen Pronomen Endring: Fleire undergrupper av pronomen går over til determinativ og som går over til subjunksjon og preposisjon
Artikkel Determinativ Ny ordklasse
Omfattar artiklar, nokre pronomen, grunntal
Tallord
 
Talord går ut som ordklasse, grunntal går over til determinativ, ordenstal går over til adjektiv
Adverb Adverb Ingen
Preposisjon Preposisjon I tillegg: som, enn framfor substantivfrasar og pronomenfrasar
Interjeksjon Interjeksjon Ingen
Konjunksjon Konjunksjon
(Sideordningsord)
Endring: Underordnande konjunksjonar går over til subjunksjon
Infinitivsmerke Subjunksjon
(Underordningsord)

 

Ny ordklasse
Omfattar infinitivsmerket og tidlegare underordnande konjunksjonar, som og enn

Korte kommentarar til nokre av ordklassene:

Adjektiv er ord som kan brukast attributivt til substantiv. Ordenstala (første, andre, tredje osv.) reknast også som adjektiv fordi dei syntaktisk oppfører seg slik: den tredje frakken (jf. den skitne frakken).

Pronomen er ord som kan erstatte ein substantivfrase i ei setning (den store dama går - ho går).

Det er fem typar pronomen:

- personlege pronomen (eg, ho ...)
- resiprokt eller gjensidig pronomen (kvarandre)
- refleksivt pronomen (seg)
- spørjepronomen (kva, kven)
- ubestemte pronomen (ein)

Andre tradisjonelle pronomen har blitt determinativ (min, denne) eller subjunksjonar (som).

Determinativ eller bestemmarord er ord som avgrensar referansen til substantiv, ved for eksempel tal og bunden form.

Det er tre typar determinativ eller bestemmarord:

- eigedomsord (possessivar):
   - tidlegare eigedomspronomen (min, vår ...)
- peikeord (demonstrativ):
   - tidlegare påpeikande pronomen (denne, det ...)
- mengdeord (kvantorar):
   - tidlegare artiklar (ein, ei, eit)
   - tidlegare grunntal (ein, to, tre ... )
   - tidlegare ubundne pronomen (ingen, alle, kvar ...)

Skilnaden mellom pronomen og determinativ er no:
Pronomen kan erstatte ein substantivfrase, og determinativ står som bestemmarord til substantiv.

Subjunksjonar eller underordningsord er ord som innleier setningar.

Dei består av:
- tidlegare underordnande konjunksjonar (at, fordi ...)
- infinitivsmerket å
- som
og enn når dei innleier leddsetningar

Tradisjonelt har termen setning vore brukt på konstruksjonar som inneheld subjekt og finitt verbal (Petra går). Den nye kategorien subjunksjon inneber at setningsomgrepet er utvida til også å omfatte infinitte setningar og setningar utan subjekt.
Frå no av er alt det som står i klammene, leddsetningar:

1 Petra var glad for [at Kari ikkje dro]
2 Petra liker [å ikkje svare på dumme spørsmål]
3 Petra liker gutter [som ikkje er slemme]
4 Petra er penare [enn Pål nokon gong vil bli]
5 Petra er penare, [som eg alltid har sagt]

Den nye inndelinga fører altså til at leddsetningar no kan vere både finitte (dei fleste) og infinitte (innleidd med subjunksjonen å). Inndelinga inneber også at ein vil finne ekstremt korte leddsetningar med underforståtte setningsledd, slik som dei som er omgitte av klammer her: Petra liker [å fiske], og Petra liker gutten [som fisker].

Preposisjonane er dei same som før, men vi vil ta med som og enn i tillegg: Tilrådinga seier klart at orda som og enn er subjunksjonar når dei innleier setningar, men tilrådinga nemner ikkje kva som skjer når som og enn står framfor substantivfrasar og pronomenfrasar. Då er det naturleg å følgje Referansegrammatikken, som seier at som og enn i desse tilfella er preposisjonar.

Med ei slik klassifisering blir det lettare å generalisere: Alle ord som oppfører seg som preposisjonar, det vil seie dei som kjenneteiknar ein relasjon, og som har substantivfrasar og pronomenfrasar som utfylling, er preposisjonar.

Syntaks

Det som står mellom to store skiljeteikn, heiter no ytring (og ikkje lenger periode). Det er to ytringstypar: setningar (Mannen vart overkøyrd) og setningsfragment (Mann overkøyrd. Hei!, Ja!). Det som står igjen når ei eller fleire leddsetningar er fjerna frå ein heilsetning, kallast setningsrest.

Det finst fleire setningstypar: heilsetningar (forteljande setningar, spørjesetningar, imperativsetningar eller bydesetningar) og leddsetningar.

Setningsledd

Grammatisk term

Verbal (finitt verbal og infinitt verbal)

Subjekt

Eigentleg subjekt

Formelt subjekt

Objekt

Direkte objekt

Indirekte objekt

Adverbial

Predikativ

Subjunksjonal

Konjunksjonal

Frasar erstattar uttrykk. Frasar er grupper av ord som fungerer på same måte som det enkeltordet som er overleddet i frasen.





Toppen av sida

 


 
Huvudside