tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Setningar for ulike klassetrinn





Setningane er delte inn i fire nivå: A, B, C og D. Setningane på nivå A er spesielt tilpassa for elevar frå 5. til 7. klasse på mellomtrinnet. Nivå B er fyrst og fremst laga for ungdomstrinnet, mens nivå C er laga for elevar i vidaregåande skule. D inneheld dei vanskelegaste setningane.

Setningane blir brukte til både setningsanalyse og spel. I spela kan du velje om du vil arbeide med tilfeldige setningar frå alle nivåa, eller om du vil arbeide med setningar frå eit spesielt nivå. Dette kan du lese meir om i brukarrettleiinga her.

I setningsanalysedelen kan du studere setningane og inndelinga av dei. Vel Setningsanalyse med tre i menyen til venstre og klikk deg vidare til Setningsanalyse. Eventuelt kan du velje språk frå VISLs hovudside og klikke deg vidare via Non-Automatic parse. Sida du kjem til, ser slik ut:

Klikk her for å forstørre biletet




Klikkar du på eitt av symbola A, B, C eller D, får du eit oversyn over setningane på dette nivået. Setningane er grupperte i seksjonar slik biletet nedanfor viser. Dersom du klikkar på ein seksjon, vil du få sjå kva setningar som tilhøyrer seksjonen. Du kan også bruke rullesjakta til høgre for å flytte deg nedover sida.

Klikk her for å forstørre biletet





Seksjonane 1-3 blir brukte til å øve inn særskilde setningsledd og konstruksjonar. Når du har øvd inn desse, kan du prøve kunnskapane i seksjon 4. Dersom det er fyrste gong du prøver setningsanalysen, kan det vere lurt å byrje med setningar frå seksjon 1.

I seksjon 1 kan du sjå kva setningsledd kvar setning inneheld. Alle setningsledda i denne seksjonen består berre av eitt ord. Når du får til analysane i seksjon 1, er det tid for å prøve seksjon 2 og 3.

I seksjon 2 finn du setningar der setningsledda kan ha meir enn eitt ord. Dei er organiserte slik at du skal oppdage at nesten alle setningsledd kan bestå av fleire ord.

I seksjon 3 kan du øve på to typar konstruksjonar: sideordning og leddsetningar (for nivå A har vi berre infinitte leddsetningar her). Straks du byrjar å kjenne deg fortruleg med analysane i 2 og 3, kan du gå laus på seksjon 4.

I seksjon 4 er ikkje setningane organiserte etter kva setningsledd eller konstruksjonar dei inneheld. Denne seksjonen kan du derfor bruke til å teste kor mykje du har lært frå seksjonane over.

Setningane er henta frå barne- og ungdomslitteratur og frå aviser:

Belsvik, Rune. 2000. Den store stilige Dustefjert-boka: ei samlebok om livet i det vesle landet ved bekken. Cappelen.
Belsvik, Rune. 2001. Verdas mest forelska par: ei forteljing frå Bløygen. Cappelen
Bruheim, Jan-Magnus. 1980. Den kvite hjorten. Noregs boklag Hovland, Ragnar. 1992. Ei lang reise. Damm
Hovland, Ragnar. 2000. Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr. Cappelen

http://www.dagogtid.no/
http://www.magasinett.no
http://www.nynorsk.no
http://www.sognavis.no

i tillegg til nokre setningar frå andre aviser, nettstader og heimesider tilgjengelege på Internett.




Toppen av sida

 


 
Huvudside