tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Match Forms




I Match Forms kan du øve deg på setje VISL-forkortingane saman med namna på dei tilhøyrande ordklassene. Når du har klikka deg inn via lenkja til venstre eller via VISL-hovudsida, kjem det opp eitt eige lite vindauge:

Klikk på ei av ordklassene til venstre. Som du ser, vil ordklassa bli merkt med ein gul runding. Leit deretter etter forkortinga som denne ordklassa høyrer saman med. Vel du rett, vil ordklasse-forkortingsparet leggje seg nedst i vindauget. Gå så vidare til neste ordklasse. Vel du feil, kjem ein raud runding med eit kryss opp framfor forkortinga. Prøv igjen til du har funne det korrekte paret. Når du har funne alle para, er øvinga ferdig. I stripa øvst i vindauget kan du følgje med på kor mange rette og galne val du har teke.

Ny quiz
Dersom du vil prøve ein gong til, vel Ny quiz øvst i venstre hjørnet. Dette valet gir deg eit nytt lite vindauge. Ønskjer du eit quiz lik den førre, vel du berre OK i dette skjemaet. Dersom du ønskjer andre utfordringar, kan du endre oppsettet ved å klikke på boksane i vindauget:





Frå oppstillinga til venstre i vindauget må du velje to boksar. Hovudinnstillinga er Nynorsk og Ordklasseforkortingar, men du kan også freiste til dømes Nynorsk og Engelsk.

For moro skuld: Kombinasjonen Nynorsk og Bokmål gir kanskje ikkje den heilt store utfordringa, men kombinasjonen Nynorsk og Fargar er vanskeleg. Vel du Fargar kjem fargane frå Paintbox- paletten opp som val utan tekst. Her skal du freiste å hugse at til dømes verb er raude og at substantiv er blå! Ønskjer du kommentarar og forklaringar på engelsk i staden for på nynorsk, vel du Engelsk i boksen til høgre. Når du er ferdig med å velje, trykkjer du Ok eller Annuller.

Toppen av sida



 


 
Huvudside