tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Match Functions




I Match Functions kan du øve deg på setje VISL-forkortingane saman med namna på dei tilhøyrande setningsledda. Når du har klikka deg inn via lenkja til venstre eller via VISL-hovudsida, kjem det opp eit eige lite vindauge:

Klikk på eitt av setningsledda til venstre. Som du ser, vil setningsleddet bli merkt med ein gul runding. Leit deretter etter forkortinga som dette setningsleddet høyrer saman med. Vel du rett, vil setningsledd-forkortingsparet leggje seg nedst i vindauget. Gå deretter vidare til neste setningsledd. Vel du feil, kjem ein raud runding med eit kryss opp framfor forkortinga. Prøv igjen til du har funne det korrekte paret. Når du har funne alle para, er øvinga ferdig. I stripa øvst i vindauget kan du følgje med på kor mange rette og galne val du har teke.

Ny quiz
Dersom du vil prøve ein gong til, vel Ny quiz øvst i venstre hjørnet. Dette valet gir deg eit nytt lite vindauge. Ønskjer du eit quiz lik det førre, vel du berre OK i dette skjemaet. Dersom du ønskjer andre utfordringar, kan du endre oppsettet ved å klikke på boksane i vindauget:

Frå oppstillinga til venstre i vindauget må du velje to boksar. Hovudinnstillinga er Nynorsk og Setningsleddforkortingar, men du kan også freiste til dømes Nynorsk og Engelsk.

For moro skuld: Kombinasjonen Nynorsk og Bokmål gir kanskje ikkje den heilt store utfordringa, men kombinasjonen Nynorsk og Danske "kryss & bolle"-symbol er vanskeleg for ein nordmann. "Kryss & bolle"-symbol vil du finne fleire stader i VISL-systemet ved sida av dei vanlege forkortingane, til dømes i spelet SpaceRescue. Her kan du sjå at til dømes verbalet P er ein runding. Indirekte objekt Oi er eit lite kvadrat. Danske skuleelevar lærer desse symbola i grammatikkundervisninga.

Ønskjer du kommentarar og forklaringar på engelsk i staden for på nynorsk, vel du Engelsk i boksen til høgre.

Når du er ferdig med å velje, trykkjer du Ok eller Annuller.

Toppen av sida


 


 
Huvudside