tilbake til hovudside Bokmål

     NYE TERMAR

Spel
Setningsanalyse med tre
Terminologiquiz
   
Brukarrettleiing
Tips til lærarane
Forkortingar
   
Om GREI
GREI-kurs
   
VISL
Tekstlaboratoriet
   
   
Setningsanalyse med tre   




Slik går du fram når du skal drive med setningsanalyse:

Klikk på Setningsanalyse med tre i menyen til venstre. Vel deretter Sjå på eller bygg dine eigne setningsanalysetre. Alternativt kan du velje språk frå VISLs hovudside og klikke deg vidare via Non-Automatic parse. Sida du kjem til, har fire ikon, eitt for kvart av nivåa A, B, C og D. Vel nivå ved å klikke på ikonet.

Når du er inne på sida for nivået ditt, kan du velje ein setningstype. Når du klikkar på ein seksjon eller underseksjon, kjem du til eit oversyn som inneheld ei gruppe setningar. Til venstre for kvar setning er det eit bilete av eit trediagram:



Når du klikkar på dette trediagrammet, kjem det opp ei eiga side med treet for setninga du har valt. Dette treet ser kanskje litt annleis ut enn den analysemetoden du plar bruke på skulen. Derfor gir vi her ei forklaring på korleis trea er oppbygde, og korleis du kan jobbe med dei.

Du kan velje om du vil sjå det ferdige treet eller om du vil byggje treet sjølv.

Språk
Hovudspråket på VISL er engelsk, men når du klikkar deg inn på treanalysesida, vil alle forklaringar og menyar vere på norsk. Vekslar du mellom å analysere setningar på ulike språk, kan du likevel oppleve at menyar og forklaringar kjem opp med feil språk eller målform. Har du til dømes akkurat analysert setningar på bokmål, kan du få bokmålstekst sjølv om du analyserer nynorsksetningar i neste omgang. Om dette skulle skje, kan du velje rett språk eller målform under Språk i rullgardinmenyen øvst. Du kan også velje Rydd opp og avslutt under Fil. Neste gong du klikkar deg inn på ei setning, får du korrekt språk eller målform.

Treet
I trea er setningsledda (subjekt, verbal, adverbial osv.) markerte med grøne boksar. Ordklasser (substantiv, verb, adverb osv.) er markerte med lilla boksar. Setningsledda blir skrivne med store bokstavar, og ordklasser blir skrivne med små bokstavar. Under Funksjon: setningsledd og Form: ordklasser i denne brukarrettleiinga finn du eit oversyn over setningsledda og ordklassene som blir brukte.

Øvst på treanalysesida er det ei grøn linje med oversyn over setningsledda. På VISL-sida blir dette kalla funksjonar. Ei lilla linje viser alle formene, det vil stort sett seie ordklassene. Dersom du vil vite det norske ordet for ei av forkortingane på den lilla eller grøne linja, kan du føre musa over den forkortinga du lurer på.

NB! Mange forkortingar er dei same som dei du plar å bruke. Somme er annleis. Grunnen til dette er at forkortingane skal vere dei same for alle dei 27 språka i VISL. Det gjer at det er enkelt å veksle mellom setningsanalyse på nynorsk, tysk og arabisk. Ulempa er at det er nokre nye omgrep å hugse på for dei norske brukarane. Vi rår deg til å bruke musa flittig! (Som nemnt ovanfor får du det norske ordet om du fører musa over forkortinga du står på.) Dessutan kan det løne seg å skrive ut oversynet over forkortingar slik at det ligg ved sida av maskina når du arbeider med VISL. Terminologiquizane kan også brukast for å øve inn forkortingar og grammatisk terminologi.

Her kan du lese meir om korleis setningane er analyserte.

Det ferdige treet
Dersom du ønskjer å sjå på det ferdige treet med informasjon både om ordklasser og syntaktisk funksjon, kan du klikke på knappen Fald ut treet på venstre side av treet. Då får du sjå heile det ferdige treet. I staden for å bruke Fald ut treet, kan du falde ut enkeltnodar i treet ved å klikke på dei. Du kan også gå til Vis tre i verktøylinja over treet. Her kan du velje om treet berre skal innehalde informasjon om ordklasser (vel Berre form), om det berre skal innehalde informasjon om setningsledda (vel Berre funksjon), eller om det skal innehalde informasjon om begge delar. Dessutan kan du fastsetje korleis ordklasseinformasjonen og setningsleddinformasjonen skal visast i høve til kvarandre (Funksjon over form eller Funksjon til venstre for form). Her er eit døme på eit tre som er falda ut:




Å byggje tre
Dersom du vil byggje tre sjølv, vel Bygg trediagram under Verktøy:




På den grøne linja er det no ein knapp for kvart setningsledd (funksjon). På den lilla linja er det ein knapp for kvar ordklasse (form). Under ser du eit tre under bygging:

Di oppgåve er å plassere ordklasser og setningsledd rett på rett stad i treet på så kort tid som mogeleg. Når du vil plassere ei ordklasse eller eit setningsledd, klikkar du på den knappen du vil ha på den grøne eller lilla linja og slepper opp. Så fører du musa til den rette boksen i treet og klikkar igjen. Dersom du har gjort eit rett val, blir svaret ditt ført opp i treet, og du kan gå vidare til neste ord. Dersom du har gjort feil, kan du prøve igjen.

Nokre gonger er eit setningsledd oppbygd av meir enn eitt ord, ei såkalla gruppe. Dersom du vil binde nodar saman til ei gruppe, må du fyrst gå inn på Modus til venstre på skjermen. Her kan du velje mellom Gi namn til og Bygg. Når du skal binde saman nodar, må modus vere Bygg. Når du har sett modus på Bygg, kan du klikke på dei nodane du vil binde saman til ei gruppe. Det er viktig at kvar node blir markert med ei svart ramme rundt seg. Når alle nodane du vil binde saman, har ei slik svart ramme, kan du klikke på Bind nodane saman til venstre på skjermen. Dersom den samanbindinga du har foreslått er rett, vil programmet automatisk lage ein felles overordna node for gruppa. Dersom du ikkje er sikker på kva node som skal bindast saman, kan du klikke på Vis struktur. Då vil programmet vise deg alle gruppene i setninga.

Toppen av sida

 


 
Huvudside